fredag 19. november 2010

Rastafletter og tradisjonelle klær på hausttakkefest!


Marit og Brit er godt fornøgd med sine nye tradisjonelle
klær. Brit er forøvrig ein av dei to Hald-studentane, og ho
og Øystein skal bu saman med meg og Benjamin fram til April.

Det tok tre månadar, og ein god del overtaling frå Brit si side, å byggja opp nok mot. Men så var det på plass - både rastafletter og tradisjonelle klær. Kjolen skal eg ærleg innrømma at eg syntest var ganske fin, og mamma har gitt klar beskjed om at då, ja då har eg vore her for lenge. Rastaflette vert skrytt av fleire gongar dagleg, og eg byrjar nesten sjølv å tru at eg passar det. Dessverre var det nok ikkje verd arbeidet; 8 timar, high school musical (etter ynskje frå ei av flettarane) og ein haug med friendsepisodar tok det før flettene var på plass. Og no har eg snart halde på like lenge for å få dei ut; noko mindre effektivt og langt frå ferdig, men i det minste har eg ein utruleg kul lykketroll-sveis!
Kjolen klarte sydama å få klar til hausttakkefesten, og klesdrakta mi vart difor ikkje noko dårlegare enn dei nasjonale sin, då misjonærane, i likhet med andre grupper, dansa inn i kyrkja med pengegåva.
Her vart eg, 100% ufrivilleg, tvinga til å gå først medan me sang "jeg løfter mine øyne opp til fjellene". Alle som nokon gong har sett meg dansa, har nok god forståelse for at vår dans gjennom kyrkja var overstått på cirka ein tredjedel av den tida alle andre brukte.
Men i det minste var det ein god del jubel då me dansa, nesten like mykje som då ei anna gruppe kom dansande inn bærande på ei levande gås. (Gåver i form av mat og materielle ting er nesten like godtatt som pengar.)
Då alle gruppene hadde fått dansa inn med sitt bidrag, trilla ein inn ei tavle. Her var det teikna opp ein tabell, slik at ein kunne sjå kor mykje dei forskjellige gruppene hadde gitt i 2010 i forhold til 2009. Det var store summar som var samla inn; kamerunarane legg av pengar til denne dagen gjennom heile året, og kyrja får på ein morgon inn 25% av dei årlege inntektene sine. Heldigvis slo årets misjonærar fjorårets med heile 7000 CFA.


Oversikta over kor mykje dei enkelte gruppene
har gitt. Både i år og i fjor.

Her har me gjengen på hausttakkefest, bortsett frå Hanne og Eivind som sit
bak kamera. I dag har me diverre køyrd Gunn Helen og Kåre (nærast) til toget,
og snart forsvinn både Hanne og Eivind og sykepleiarstudentane. Så då vert
det berre oss eittåringar og haldstudentane igjen, som norske ungdommar i
N'Gaoundéré. Kanskje me vert nøydd til å få oss kamerunske vener?
Rastaflettene fekk óg tatt turen til Tellofossen, der det seiest at den første
Tarzanfilmen vart spelt inn. Dette har, etter nærare undersøkingar, vist seg
å vera feil, men det kunne like så godt vore sant.
Det var 8 lange timar då flettene skulle verta til! Her jobbar Odette og Sydony
på spreng, medan veslesystera til Odette hjelper til.