onsdag 4. mai 2011

Kamerun er supert!

Styret i CHRISC på Dang saman med eittåringar og Haldingar - definitivt
det kjekkaste arbeidet eg gjer her nede. 1-2 gongar i veka er eg på
universitetsområdet på Dang der eg spelar fotball, volleyball og freezbe
med CHRISC. 

No har eg snart vore i Kamerun i 9 månadar. Jo lenger eg er her, jo betre klarar eg meg språkmessig, jo fleire vener får eg og jo kjekkare har eg det. Logisk nok vert det dermed sett på som ganske meiningslaust å bruka tida på noko så tullete som å skriva blogg , noko som igjen forklarer kvifor bloggen min har vore ganske død i det siste.

Med andre ord er ein død blogg eit godt tegn - livet i Kamerun er supert, eg har det fantastisk og aller helst vil eg vera her nokre månadar til og i alle fall ikkje reisa heim om noko så lite som ein og ein halv!

Men eg har ikkje heilt oppgitt bloggskrivinga - eg skriv óg for ein nord-sør blogg. Anbefaler sterkt å lesa på den, både det eg skriv frå Kamerun og det som vert skrive frå Madagaskar, Mali og England. Bloggen finn du her: http://www.who-cares.info/blogg/category1196.html .

Difor har eg hatt det supert i Kamerun! Her er me på
safari på biltaket. 

fredag 18. mars 2011

Lurt trill rundt


Ja, då har Brit klart det igjen. Og eg sit her med massevis av rastafletter som tek enda lenger tid å ta ut enn det tok å fletta dei. Dermed har eg (for andre gong) bestemt meg; aldri meir.

Men det er ikkje berre ein laaang frisørtime sambuaren min har lurt meg med på. Til 8. mars fekk me sydd oss kvar vår gigantiske cabba, noko som i bunn og grunn var heilt unødvendig då det var plass til oss begge i éin, i grønt kvinnedagsstoff. Når så den store dagen kom, så var det av garde til festplassen for å sjå på at dei ulike kvinnegruppene i N'Gaoundéré gjekk i tog.


Sjokkerande nok var dette både svært varmt og ein smule kjedelig. Men sidan me stadig vert meir opptekne av kvinnerettar i Kamerun, tenkte me at dersom me var med å gå i tog sjølv så blei kanskje dagen meir spanande. Og det vart han - både for oss og for alle kamerunesarane som sat på tribuna og skrattlo over dei galne kvite jentene. 

Men me var fornøgde. Dagen vart vellykka og me fekk vist at me støttar kvinnesaken i Kamerun. Til slutt kan eg jo innrømma at alle desse kvinnedagstinga nok var ein smule frivilleg frå mi side - sjølv om Brit skal få æra for ein del overtaling her óg. Flettene derimot var hundre prosent tvang! 


Eg, Helen (kokka vår) og Brit er klare for å dra til festplassen.

Her defilerer (går i tog) Femmes Pour Christ (Kvinner for Kristus)...

...og her finn to kvite jenter ut, litt i seinaste laget, at det vil dei óg. Som
resultat vart det høge latterbrøl og mssevis av peiking frå tribuna. Seinare
fekk me Gundelie og Ingunn, mor til Brit, med oss i ei tilfeldig gruppe (kvinner
frå pærefolket) der me fekk gå heile runden. 
Benjamin og Øystein prøver å poengtera akkurat kor store kjolane våre er. 

Benjamin og Øystein ville òg tydeleggjera at dei støttar kvinnerettar i Kamerun.
Det fekk dei noko meir pes for enn oss. Sitat frå nesten kvar einaste gut i koret
vårt: "hahaha, du går jo i dameklær!"

fredag 4. mars 2011

African Life

 


For tida består livet i Afrika av fylgjande: besøk frå Norge, soving under open himmel (Kamerunsk nattehimmel er rett og slett fantastisk!), safari, soving under open himmel, korsynging, skuleturar med DNS, leiking med norske barn, kamerunske barn og sjukehusbarn, soving under open himmel, sosiale kveldar, dagar og netter og KRIK (volleyball, fotball og freezbe).

Som ein kanskje skjønar er eg så utroleg fornøgd med tida mi i Kamerun at eg ikkje har hatt tid (tatt meg tid) til å skriva eit blogginnlegg sidan advent. No synest eg derimot at det er på tide å dela nokre av mine fantastiske opplevingar.

Tirsdag som var, var nemleg eg, Daniel og Gundelie (besøket mitt frå Norge) på skuletur med Den Norske Skulen i Kamerun. Planen for dagen var eit lite stopp ved Tellofossen, for så å besøka fulanilandsbyen Idool. Eg sikra meg nødvendigvis med panj, tradisjonelle kamerunske klær, (og vurderte lenge om eg i det heile skulle gidda å ta med meg kamera) klar til å møta ein heil landsby med strenge og dømande muslimar.

Den dømande viste seg naturleg nok å vera ingen andre enn meg sjølv. I Idool møtte det oss ein utruleg hyggeleg landsbysjef som ikkje var streng på anna enn at me skulle kjenna oss akkurat som heime, og bilete kunne me ta kor og når me berre måtte ynskja.

Ikkje minst forundra det meg at, i motsetning til det eg hadde trudd, var dette ikkje eit fullstendig muslimsk samfunn, men her budde det både kristne og muslimar om kvarandre.
Det er ikkje fyrste gong det har slått meg kor utruleg naturleg det er for kristne og muslimar å leva saman i Kamerun, men det var definitivt no det slo meg sterkast. Her lever ein saman i fred og ro, med både respekt og toleranse for einannan. Ja, ein helsar til og med på kvarandre på gata og er vener.

Ein kan gjerne snakka i det lange og det breide om alt me kan gi Afrika i form av kunnskap, teknologi og pengar, men det er sanneleg ein god del me kan lera av afrikanarane i retur.


Til slutt vil eg via eit avsnitt til den afrikanske stjernehimmelen. Noko som er rett og slett fantastisk. Å liggja i senga å sjå opp på stjernene, det er ei heilt ubeskriveleg kjensle. Visste du for eksempel at Karlsvogna er opp ned i Afrika og er ca. tre gonger så stor som i Norge? (Anten det, eller så fann me den berre ikkje. Det er óg ein ganske god moglegheit.) Å sova under open himmel i Kamerun, er noko eg kan unna kven som helst. No skal det nemnast at eg måtte gå inn å leggja meg klokka halv to, for det vart iskaldt å sova i Benjamin si feltseng. (Tenk, det vert verkeleg kaldt i Kamerun om natta!) Men timane fram til klokka halv to var nokså fantastiske (og kalde), og det er ikkje tvil om at eg neste gong skal ta med meg skikkeleg med klær og bruka ei ordentleg seng. Så kan eg få nyta stjernehimmelen heile natta igjennom.

søndag 5. desember 2010

Adventstid


Då er adventstida i gang, og me prøver så godt me kan å halda på norske juletradisjonar sjølv om sola skin ute og det er nydeleg badevér. Adventslysa vert dermed tent kvar søndag (rett nok kvite adventslys, sidan lilla var umoglege å få tak på), og det manglar ikkje mykje før dei 7 sortane er i boks. Kamerunarane synest det er superrart at me har byrja å laga julekaker allereie, dei byrjar visst ikkje før sjølve julekvelden (!), men me har då likevel klart å dra med oss eit par på litt kjevling.

Me har til og med laga vår eigen marsipan, heilt frå botnen av, som me deretter har duppa i flytande sjokolade og putta i kjøleskapet. Med andre ord klarar me oss strålande utan både Freia og Minde. (OK, så har me duppa nokre av marsipankulene i freia melkesjokolade sendt frå Norge. Men det er ikkje poenget. Andre halvparten er duppa i ekte, lokal kokesjokolade, noko som vart minst like godt.)

Til og med adventskalender har me fått til. Barnas superjul vert vist kvar kveld nede hos familien Hjorteland, og deretter slår me til med Jesus & Josefine hos eittåringane og haldingane (altså oss).
Så no ventar eg berre på at mamma, pappa, Gustav og Anna kjem med pinnekjøtt, så er jula sikra.


Ingen advent utan kakemenn (som forresten alt er åte opp)...

 
...og Oslo Gospel kor.
 
Så effektiv var kakemannbakinga.
 
Eg laga kakemanndeig for første gong, og eg
glømte sjølvsagt å tilsetja bakepulver (som igjen
var ein erstatning, saman med litt salt, for hornsalt).
Ein sterk gut måtte då til for å blanda pulveret i ein
kjøleskapkald kakemanndeig. Benjamin og Øystein
sende straks Alex ut på kjøkkenet.
 
Øystein prøver å lata som om han som har laga julemarsipanen.

Dette biletet lyg litt mindre. Brit har óg laga
krumkaker, forma med ei glasbrusflaska. I Afrika
bruker ein det ein har tilgjengeleg.


Alle samlar seg rundt ein pc-skjerm for å sjå Jesus & Josefine.


fredag 19. november 2010

Rastafletter og tradisjonelle klær på hausttakkefest!


Marit og Brit er godt fornøgd med sine nye tradisjonelle
klær. Brit er forøvrig ein av dei to Hald-studentane, og ho
og Øystein skal bu saman med meg og Benjamin fram til April.

Det tok tre månadar, og ein god del overtaling frå Brit si side, å byggja opp nok mot. Men så var det på plass - både rastafletter og tradisjonelle klær. Kjolen skal eg ærleg innrømma at eg syntest var ganske fin, og mamma har gitt klar beskjed om at då, ja då har eg vore her for lenge. Rastaflette vert skrytt av fleire gongar dagleg, og eg byrjar nesten sjølv å tru at eg passar det. Dessverre var det nok ikkje verd arbeidet; 8 timar, high school musical (etter ynskje frå ei av flettarane) og ein haug med friendsepisodar tok det før flettene var på plass. Og no har eg snart halde på like lenge for å få dei ut; noko mindre effektivt og langt frå ferdig, men i det minste har eg ein utruleg kul lykketroll-sveis!
Kjolen klarte sydama å få klar til hausttakkefesten, og klesdrakta mi vart difor ikkje noko dårlegare enn dei nasjonale sin, då misjonærane, i likhet med andre grupper, dansa inn i kyrkja med pengegåva.
Her vart eg, 100% ufrivilleg, tvinga til å gå først medan me sang "jeg løfter mine øyne opp til fjellene". Alle som nokon gong har sett meg dansa, har nok god forståelse for at vår dans gjennom kyrkja var overstått på cirka ein tredjedel av den tida alle andre brukte.
Men i det minste var det ein god del jubel då me dansa, nesten like mykje som då ei anna gruppe kom dansande inn bærande på ei levande gås. (Gåver i form av mat og materielle ting er nesten like godtatt som pengar.)
Då alle gruppene hadde fått dansa inn med sitt bidrag, trilla ein inn ei tavle. Her var det teikna opp ein tabell, slik at ein kunne sjå kor mykje dei forskjellige gruppene hadde gitt i 2010 i forhold til 2009. Det var store summar som var samla inn; kamerunarane legg av pengar til denne dagen gjennom heile året, og kyrja får på ein morgon inn 25% av dei årlege inntektene sine. Heldigvis slo årets misjonærar fjorårets med heile 7000 CFA.


Oversikta over kor mykje dei enkelte gruppene
har gitt. Både i år og i fjor.

Her har me gjengen på hausttakkefest, bortsett frå Hanne og Eivind som sit
bak kamera. I dag har me diverre køyrd Gunn Helen og Kåre (nærast) til toget,
og snart forsvinn både Hanne og Eivind og sykepleiarstudentane. Så då vert
det berre oss eittåringar og haldstudentane igjen, som norske ungdommar i
N'Gaoundéré. Kanskje me vert nøydd til å få oss kamerunske vener?
Rastaflettene fekk óg tatt turen til Tellofossen, der det seiest at den første
Tarzanfilmen vart spelt inn. Dette har, etter nærare undersøkingar, vist seg
å vera feil, men det kunne like så godt vore sant.
Det var 8 lange timar då flettene skulle verta til! Her jobbar Odette og Sydony
på spreng, medan veslesystera til Odette hjelper til.

søndag 17. oktober 2010

Tidenes skuffelse


Det var to svært triste eittåringar som for ei veke sidan måtte konstatere at noko fotballkamp vart det ingenting av, på tross av at billettane våre vart revne i to. Då me endeleg hadde komen til stadion, og attpåtil hadde fått billettane i handa, turte me endeleg å gleda oss skikkeleg; no skulle me verkeleg på landskamp.

Men i inngangen fekk me klar beskjed om at her var det fult, og me vart sendt til dei "billigaste" plassane, på tross av at me hadde dei nest beste billettane. Men gjennom den billigaste inngangen kom me ikkje lenger enn inn i gangen på stadion. Og sjølv om Benjamin meinte han kunne sjå minst 10 grasstrå, vart fotballkampen observert på ein TV på hotellet. Men i det minste kunne me høyra jubelet frå stadion då det var scoring.

Bortsett frå dette lite behagelige møtet med den afrikanske kulturen (usikker på om eg skal dra det så langt som å kalla det korrupsjon, men billettsalget vart i alle fall ikkje begrensa av plassar, men heller av kor mange som ynskte å kjøpa) har me hatt ein svært bra haustferie. Turen gjekk til Garoua (her finnest den einaste grasbanen i Kamerun, og den fekk eg nesten sjå), deretter Rhumsiki (med gåtur til Nigeria) og til slutt Maroua.

På markedet i Maroua fekk me erfara dei mest innpåslitne selgarane til no, og eg kjøpte meg vekk frå meir enn ein av dei. Så eg kom heim med, blant anna, tre puslespill over Afrika - som eg alt har to av frå før. Til gjengjeld har eg endeleg, etter 2,5 mnd, begynt å få dreisen på pruting.


Dette er det næraste eg har komen ekte norsk melkesjokolade i Kamerun. (Sjølvsagt bortsett frå den mamma, pappa, farmor, farfar, Åshild og Olga har sendt meg. Og den Olaug, ein av misjonærane, gav meg då fransktimane byrja å verta verkeleg tunge.) I dyrehagen i Garoua såg me nemleg ein ekte marabustork!

Eit augnblink av mine ti minutt i Nigeria. Toppen eg held på fekk me tilbod om å bli guida opp på av servitøren på hotellet, men dessverre var det naudsynt med klatreerfaring. Dessutan er det litt risikabelt i regntida; dersom det byrjar å regna, vert alt glatt og sleipt og ein må ganske enkelt venta med å klatra ned att til fjellet vert tørt.

fredag 8. oktober 2010

Haustferie!


Då går turen mot Garoua, Maroua, moglegeins landskamp i fotball og enda meir moglegeins same hotell som Kamerun sitt landslag!