Her bur eg

Innanfor denne muren ligg misjonsstasjonen, der alle dei norske misjonærane i N'Gaoundéré bur.

Her bur altså eg og Benjamin. Eg bur til venstre, og han til høyre. Mellom oss er det ei dør, så me slepp å gå den lange vegen om ytterdørene kvar gong Benjamin skal stemma gitaren min.


Papegøyen min, Aco, som har eit fascinerande stort vokabular på fransk. I tillegg hermar han etter kvinelyden på døra mi, og Benjamin har lært han å mjaua. Som hemn vurderer eg å flytta han over til Benjamin si dør.






Stova mi har eg prøvd så godt eg kan å pynta opp med turkise lys, tepper og dukar frå Noreg. Maleriet som er på det midterste biletet var her då eg kom, og er mala av den lokale kunstnaren Must. Han er kjendis på stasjonen, og eg har alt kjøpt ein haug med kort og eit stort maleri av han som ikkje har komt på veggen endo.




Her er altså soverommet mitt, med myggnetting og heile pakka. Det skal nemnast at eg hadde ei svær dobbeltseng, men den stakk fru Hjorteland av med etter ei lita veke. I retur fekk eg altså senga på biletet her. (Jofrid har svært dårlig samvittighet for dette, så eg prøver å nemna det så ofte som mogleg.)




Eg har eit veldig fascinerande bad. Dusjen går på gass (som i skrivande stund ikkje fungerer, så eg må bruka Benjamin sin), og toalettet manglar doring og fungerer sånn innimellom.




Kjøkken og matbod sørger kokka vår for at til ei kvar tid er fylt opp. Men det hjelper lite når ho har fri - då er me glade for alle toroprodukt me har med frå Noreg.