fredag 27. august 2010

I Koma i Kamerun

Kanskje ikkje så drastisk som det høyrest ut, men det var i alle fall ikkje noko å knipse i fingrane av. I dag var nemlig den norske skulen på 1-1,5 timars gåtur til landsbyen Koma søraust for N'Gaoundéré.

Her skulle me få sjå korleis livet i ein ekte afrikansk landsby med 150 innbyggjarar arta seg. Kanskje vil du synast det var ein vél lang gåtur for barneskuleelevar (og lærarar og eittåringar for den saks skyld) i godt afrikansk klima, men stien gjorde det vanskeleg for bilar å sleppa til.

Det var ein lang og varm gåtur.

Då me endeleg kom fram, vart me godt mottatt av heile landsbyen utanfor skulebygningen. Dei sang, ønska oss velkommen og var eit kroneksempel på afrikansk gjestfridom.

Etter kvart fekk me óg spelt ein fotballkamp; DNS mot landsbyen. Det endte som det måtte, med siger på heimelaget og skrubbsår på bortelaget. Og sjølv om eg meinte me burde revurdera det etter utfallet av kampen, gjorde me som planlagt og gav landsbyen fotballen i gåve.

Her er rektor i aksjon. Sidelinja er, etter kva eg forstod, der graset byrjar å verta høgt.


Då fotballkampen var over, vart me vist alle dei forskjellige grønsakene og plantane landsbyen dyrker. Alt frå kjende matvarer som gulrøtter og peanøtter til planter ikkje ein gong Trond visste kva heitte på fransk, vart dregne fram. Til slutt sendte dei med oss ein haug med smaksprøvar som me skal bruka i mat & helse på måndag.

Men det beste av alt var nok sukkerrøyra dei kutta opp og sendte med oss som niste på turen heim. Det var stor stas å tyggja på ekte sukkerrøyr, sjølv om dei ikkje er 15 cm lange som eg alltid har trudd.


Eitt stykk sukkerrøyr, noko lengre enn 15 cm.

Sukkerrøyra fall godt i smak.

onsdag 25. august 2010

Misjonsstasjonens smarting

Her kjem litt fakta om vår kjære papegøye, Aco!


Legg merke til korleis Aco poserer på biletet!


Aco har, er det vorte meg fortalt, fått namnet sitt fordi han stadig sa (og framleis seier) "Aco, Aco!". Det som er fascinerande med dette, er at "aco" er fulani (afrikansk språk) og betyr "papegøye". Det tok med andre ord ikkje lang tid før me forstod at vårt nye kjæledyr er svært intelligent.

Aco er nemleg ein afrikansk gråpapegøye, óg kalla grå jako, som vert rekna som ein av dei smartaste fuglane i verda. Den har ein intelligens som tilsvarar eit 4-5 år gammalt menneske, og den har ein kjenslemessig intelligens som tilsvarar ein 2-3 år gammal person.

Gråpapegøyen har eit særleg talent for å herma etter lydar til andre artar, og den kan læra opptil 500 ord, sjølv om rekorden er 800. Plutselig er det ikkje SÅ flaut at den ein liten periode kunne meir fransk enn meg.

Dersom du ikkje trur meg, kan du sjølv lesa dette, med meir, på wikipedia, dersom du trøkker her

Har du nokon gong sett "The Einstein Parrot" på youtube? Ja, det er óg ein afrikansk gråpapegøye.

søndag 22. august 2010

Muffinskake og matmangel

Søndag i N'Gaoundéré. Eg har no vore her i to veker, men dagane er så tettpakka av fullstendig nye inntrykk, at det kjennest nærast som to månader. Eg kan endeleg meir fransk enn papegøyen min (om det kanskje ikkje er med god margin), eg har lært meg at når fotballkampen startar klokka 1400, er det ikkje vits å møta opp før 15.40(overraska når gudstenesta var berre 20 min forsinka i dag) og eg har byrja å setja pris på eit nytt tilvære med hushjelp, der middagen står på bordet kvar dag og kleda vaskar seg sjølv.

I dag regnar det, og med andre ord er det ingenting som skjer. (Regn er naturlig nok gyldig avlysningsgrunn for ein kvar avtale.) Sidan hushjelpa har fri, og eg difor er usikker på korleis eg skal få i meg middag i dag, bestemte eg meg for å laga muffins.
Muffinsformer er sjølvsagt umogleg å oppdriva, så ei kakeform får halda. No har muffinsrøra stått i ein halvrar gassomn i litt over ein time, utan anna synleg resultat enn ei litt stivna overflate. Det spørst om det vert særlig med mat før hushjelpa kjem igjen i morgon tidleg.

Det verste med situasjonen, er at medan mi største bekymring er ei muffinskake som ikkje vil verta gjennomsteikt, sender eg vekk tre lokale smågutar som kjem på døra mi og spør etter mat, pengar eller det eg elles måtte ha å gi vekk.
Eg sender dei vekk av den enkle grunn at me skal ikkje "læra dei opp" til å tigga. Dessutan kan me ikkje vita sikkert kven som verkeleg treng hjelpa me kan gi, og kven som fortel kreative løgnhistoriar.

Faktum er jo, at uansett kven det er som kjem på døra mi, om dei lyg eller snakkar sant, så har dei meir bruk for både pengane og maten enn kva eg har.

At eg gir pengar gjennom andre kanalar, som betre veit kven som "verkeleg" treng det og korleis ein kan hjelpa på best mogleg måte, er difor ikkje noka særleg trøyst når eg lukker døra for dei tre gutane.

Ein kan høyra uendeleg med føredrag om korleis ein skal handtera å komma til eit fattig land, men kjensla ein får av å seia nei til nokon som så åpenbart treng det meir enn deg sjølv, er umogleg å førebu seg på.


Muffinskaka endte som ein god og varm deig, og eg gler meg stort til Atta kjem tilbake på jobb i morgon.

tirsdag 17. august 2010

Slangejakt


Dagens begivenhet: eg har sett ein slange. Første til no, og forhåpentligvis den siste. Du lurer kanskje på kvifor tittelen på innlegget er slangejakt? Jo, nettopp fordi slangen var på jakt. Etter meg.

Det som skjedde:
Nettet i leiligheten min er for tida dårlig, og desperat etter facebook har eg dei siste dagane vore på leiting etter internett. Til slutt fann eg eit signal - dersom eg stod på ein støypekant, heilt inntil murveggen på internatet her på stasjonen, var det mogleg å få kontakt med omverda.
Då eg stilte meg på denne støypekanten, skremde eg ei firfisle vekk frå heimen sin, men det brydde eg meg fint lite om. Så lenge eg fekk siste nytt frå moster, brydde det meg lite at denne firfisla stod ved murveggen, fire meter vekke, og glodde olmt på meg.
Problemet kom når firfisla etter kvart hadde fått nok, og kom susande mot meg. Det viste seg då at firfisla hadde ein veldig lang hale, og ingen føtter.

Eg gjorde sejølvsagt det einaste fornuftige: sprang for livet og gjorde meg til latter for 20 afrikanarar som var på bibelskule.


Sidan eg var litt for redd til å ta noko bilete, har eg henta eit på google (http://artofmanliness.com/2008/07/14/complete-guide-to-snakes/) , og eg skal heilt ærleg innrømma at min slange var litt kortere, litt mindre fargerik, men minst like skummel.

tirsdag 10. august 2010

Send meg brev!

Dersom du kjenner på ei trang til å senda meg noko, eit brev, eit bilete eller ein sjokolade, er adressa mi som følgjer:

Marit Fauskanger Pedersen
Mission Protestante Norvegiene
b.p. 658
N'Gaoundéré
Cameroon

mandag 9. august 2010

N'Goundéré here we come!


Endelig (rett nok i går, men nettet byrja å fungera først i dag) er me framme i Ngoundere etter ein 14 timar lang togtur.

Det var ei spanande reise, der me fekk sett mykje; både av Afrikansk kultur- og landskap. Om togturen var lang og varm, ville eg aldri ha valt den vekk om eg kunne; Mesteparten av tida vart tilbragt med store auge i vindauga. Når det var lyst, såg me på den vakre naturen, når det var mørkt på stjernehimmelen.

På alle stasjonar stod det kamerunarar utanfor og selde oss frukt m.m. gjennom vindauga. Etter kvart fekk eg kjøpt meg ei flaske honning, som no står i kjøleskapet mitt i leiligheten i Ngoundere - den vert nok ikkje opna på ei stund, med tanke på at eg nesten får utslett av å sjå på flaska. Fristelsen til å kjøpa noko ut av eit togvindu vart for stor til å ta hensyn til diverse allargiar.

Men om togturen var både interessant å spanande, var det utan tvil herlig å komma fram til ein leilighet, og ikkje minst ein dusj, i Ngoundere. Og det kjekkaste av alt, var nok at utanfor leiligheten min, stod det ein pappegøye, ved namn Aco, å venta. Litt nedtur at eg har ein pappegøye som snakkar betre fransk enn meg, men satsar på det ordnar seg når me byrjar med intensivskulering om ikkje lenge.

fredag 6. august 2010

Førsteinntrykk

Eg har no vore i Afrika i snart 4 timar, og eg er allereie full av inntrykk.

For ein som som i 19 år har trudd at heile Afrika var utan både straum, innlagd vatn og møblar, vart det overraskande å koma til ein by med langt mindre mellomrom mellom gatelysa enn Bømlo (utan at det treng å bety all verda), facebook på flatskjerm i hotellresepsjonen og eit hav av nesten-ikkje-bulka tutande bilar på vegane.

Ja, eg må innrømma at mitt bilete av Afrika har vore noko urealistisk. For augneblinken er eg på eit trådlaust nettverk på hotellrommet mitt i Yaounde og skriv blogg, medan TV-en viser fransk-dubba friends.

Det er verkeleg morosamt korleis ting er så heilt annleis enn eg hadde trudd. Samtidig har eg framleis berre opplevd 4 timar av Kamerun, der mesteparten har teke plass på eit nokså bra hotell i hovudstaden.

Med andre ord ser eg no svært fram til nye inntrykk. I morgon får me god tid til å oppleva Yaounde, før det vert kveld og dagens høgdepunkt tek til: ei togreise til N'Gaoundéré på mellom 10 og 20 timar - alt etter om det er elefantar på linja eller ikkje.