fredag 27. august 2010

I Koma i Kamerun

Kanskje ikkje så drastisk som det høyrest ut, men det var i alle fall ikkje noko å knipse i fingrane av. I dag var nemlig den norske skulen på 1-1,5 timars gåtur til landsbyen Koma søraust for N'Gaoundéré.

Her skulle me få sjå korleis livet i ein ekte afrikansk landsby med 150 innbyggjarar arta seg. Kanskje vil du synast det var ein vél lang gåtur for barneskuleelevar (og lærarar og eittåringar for den saks skyld) i godt afrikansk klima, men stien gjorde det vanskeleg for bilar å sleppa til.

Det var ein lang og varm gåtur.

Då me endeleg kom fram, vart me godt mottatt av heile landsbyen utanfor skulebygningen. Dei sang, ønska oss velkommen og var eit kroneksempel på afrikansk gjestfridom.

Etter kvart fekk me óg spelt ein fotballkamp; DNS mot landsbyen. Det endte som det måtte, med siger på heimelaget og skrubbsår på bortelaget. Og sjølv om eg meinte me burde revurdera det etter utfallet av kampen, gjorde me som planlagt og gav landsbyen fotballen i gåve.

Her er rektor i aksjon. Sidelinja er, etter kva eg forstod, der graset byrjar å verta høgt.


Då fotballkampen var over, vart me vist alle dei forskjellige grønsakene og plantane landsbyen dyrker. Alt frå kjende matvarer som gulrøtter og peanøtter til planter ikkje ein gong Trond visste kva heitte på fransk, vart dregne fram. Til slutt sendte dei med oss ein haug med smaksprøvar som me skal bruka i mat & helse på måndag.

Men det beste av alt var nok sukkerrøyra dei kutta opp og sendte med oss som niste på turen heim. Det var stor stas å tyggja på ekte sukkerrøyr, sjølv om dei ikkje er 15 cm lange som eg alltid har trudd.


Eitt stykk sukkerrøyr, noko lengre enn 15 cm.

Sukkerrøyra fall godt i smak.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar