lørdag 4. september 2010

Aco har fått seg vaskehjelp!


Å ha ein papegøye utanfor døra, høyrest nok svært eksotisk ut, og eg skal ærleg innrømma at eg tykkjer det er stas. Det som derimot verken eg eller Benjamin såg særleg fram til, var vaskejobben som følgjer med det å ha eit dyr. Og Aco er ingen unntak - i grunn er det fascinerande korleis ein så liten skapnad, kan laga så mykje gris.

Heldigvis fekk eg etter kvart ein strålande idé som eg sette ut i praksis for litt over ei veke sidan. Stadig kjem det tenåringsgutar på døra mi som vil selga meg bananer, spør etter mat og vil ha pengar til sko, skulebøker, blyant og viskelær. No har ein av desse fast jobb som vaskehjelp for Aco ein gong i veka.

Etter dette var eg storfornøgd med meg sjølv: Eg slapp å vaska buret til Aco, samtidig som eg fekk hjelpa ein liten gut med å skaffa seg skrivebøker til skulen utan å "læra han opp til å tigga". (Noko me gjer om me berre deler ut pengar, som igjen vil leda alt inn i ein veldig vond sirkel.)

Det var då eg koste meg over mitt eige kreative påfunn, at den uendeleg store forskjellen verkeleg gjekk opp for meg. At 12-åringar arbeider heime i Noreg, er nokså skjeldan. Men skulle det forkomme, er det mest sannsynleg fordi det aktuelle barnet verkeleg ynskjer seg det nye PS3-spelet, eller fordi han er nødt til å betala litt av DS-en sjølv. Her er mi nye vaskehjelp uendeleg glad for ein ekstra jobb (i tillegg til banan- og ananasselginga), slik at han kan ha høve til å notera det læraren seier.

1 kommentar:

  1. Interessant paafunn Marit! God maate aa hjelpe en skolegutt paa! :-) Ganske store forskjeller fra Norge der nede vil jeg tippe... Vi er ganske bortskjemte i Norge..

    Haaper det staar bra til med deg! Naa har jeg snart vaert to uker i England, og stortrives saa langt!

    Gud velsigne deg! Klem:-)

    SvarSlett