søndag 26. september 2010

Leirliv i Kamerun




I helga var det "bli-kjent-leir" for koret Gospel Singers, og eg og Benjamin var klar for 48 timar med total språkforvirring. Drøye to timar etter planlagt avreisetidspunkt (det regna, elles ville det nok ikkje ha vore meir enn éin time forsinking), reiste me fredags kveld mot ein skule i N'Gaoundéré. Turen skulle i utgangspunktet gå til Mballang, men 1,5 timar etter planlagt avreise, viste det seg at transporten vart for dyr. Eller at det regna for mykje. Eg fekk aldri heilt tak på kva grunnen eigentleg var, men i alle fall endte me opp sovande på gulvet på ein husmorsskule.

Dei lokale tar seg svært godt av oss kvite, og det var utrulig viktig for dei at eg brukte myggnett medan eg sov. For dei gjer det nemlig ingenting å bli stukken, men eg kjem til å få malaria. Alt dette vart sagt til meg på fransk, noko eg er godt fornøgd med å ha forstått. Det endte sjølvsagt med at 3-4 afrikanarar styrte, ordna og lette etter ein spiker, så eg skulle vera godt beskytta mot mygg.

Men sjølv om dei tar godt imot oss, vart det nokre sjokk i løpet av helga. Det første kom då eg fredags kveld hadde fått tak i programmet for leiren. Her var det satt opp vekking kl !!05.00!! om morgonen. Dette sjølvsagt for at me skulle vera klar for bibeltimen ein eller anna gong mellom kl 06.00 og 07.00. Eg prøvde desperat å forklara ein av ledarane at vekking så tidlig = soving på bibeltimen. Men akkurat det hadde han svært vanskelig for å forstå.

Det andre sjokket kom lørdags morgon. Då hadde ein bestemt seg for å ta inn alle mobilane, for å sleppa teksting, speling etc. under samlingane. Akkurat dette i seg sjølv var ikkje så særleg "unormalt", det som var verkeleg sjokkerande, var at alle saman leverte inn telefonen sin. I Noreg ville vel rundt 90% ha sluntra unda, og eg skal ærleg innrømma at eg lenge var inne på tanken. Så lenge at eg, så diskrét eg berre kunne, hadde gøymd mobilen godt under pulten. Men samvitet tok til slutt overhand, og eg leverte inn telefonen min som siste mann. Sjølv om eg nok var første mann til å henta den igjen, ei god stund før alle andre.

Det tredje sjokket kom søndags morgon. Me skulle på gudsteneste i ei kyrkje som låg like bortanfor skulen me sov på, og planen var å synga eit par-tre songar. Sidan eg og Benjamin berre har vore på to øvingar tidlegare, og det tar meir enn som så å læra seg ein haug sangar på eit språk du ikkje forstår bæret av, samtidig som du smiler, klapper sære taktar og dansar forskjellig dans til kvert vers, såg eg på det som sjølvsagt at me skulle hoppe over denne opptredenen. Men afrikanerane såg på det frå ein litt anna vinkel. Det var ikkje tvil om at me skulle vera med!

I dag har eg altså dansa syngande inn i kyrkja (jenta foran meg ba meg om å gjera akkurat som ho, noko som er ein god del vanskeligare enn det høyrest ut), og elles sunge, dansa, smilt og klappa til tre sangar. Foran svært mange folk. Ein søndag i Kamerun er kyrkja noko meir fullsatt enn kva den er på Bømlo.

Det fjerde, og siste, sjokket bunnar i ein litt spesiell tradisjon ein har her. Dersom nokon syng svært bra, eller du ganske enkelt synest dei har ein svært bra opptreden, kan du dansa fram og klistra ein mynt i panna til vedkommande.

I løpet av opptredenen vart naturlegvis mynt etter mynt klistra i panna på solisten vår. Men det som verkeleg satte meg ut, var når nokon kom og klistra ein mynt i panna mi. Eg skal ikkje påstå hverken at eg dansa rytmisk rett (eller på nokon måte dansa rett), at eg smilte spesielt fint eller at eg sang dei rette orda, men eg mista i alle fall all form for både melodi, ord og rytme då denne mynten vart plassert i ansiktet mitt.

No i ettertid har eg skjønt at det var dansinga mi som låg til grunn for mynten; den spreidde mykje latter og glede. Og reaksjonen min var nok opphav til enda fleire smil.

Til tross for alt dette, har eg tenkt både å reisa på fleire leirar dersom eg skulle få moglegheita óg å fortsetja i Gospel Singers. Dessutan har tre av jentene i koret lova å gi meg spesialundervisning i dans.

3 kommentarer:

  1. Hei marit. Kjekt å lese om dansen din :-)
    Hilsen Anne Beth, NMS

    SvarSlett
  2. Tenk å leva så avslappa at du ikkje har bruk for klokke! Når sola står opp, ja, då startar dagen, og når ho går ned, då er det kvelden!

    SvarSlett
  3. Dansen er ei utfordring, ta godt vare på mynten og minnet. Eg har dansa på kvinnestemne, men ikkje med Gospel Singers.Hels collège-folk dersom nokon husker ei melle med matematikk.
    Dagny

    SvarSlett