onsdag 4. mai 2011

Kamerun er supert!

Styret i CHRISC på Dang saman med eittåringar og Haldingar - definitivt
det kjekkaste arbeidet eg gjer her nede. 1-2 gongar i veka er eg på
universitetsområdet på Dang der eg spelar fotball, volleyball og freezbe
med CHRISC. 

No har eg snart vore i Kamerun i 9 månadar. Jo lenger eg er her, jo betre klarar eg meg språkmessig, jo fleire vener får eg og jo kjekkare har eg det. Logisk nok vert det dermed sett på som ganske meiningslaust å bruka tida på noko så tullete som å skriva blogg , noko som igjen forklarer kvifor bloggen min har vore ganske død i det siste.

Med andre ord er ein død blogg eit godt tegn - livet i Kamerun er supert, eg har det fantastisk og aller helst vil eg vera her nokre månadar til og i alle fall ikkje reisa heim om noko så lite som ein og ein halv!

Men eg har ikkje heilt oppgitt bloggskrivinga - eg skriv óg for ein nord-sør blogg. Anbefaler sterkt å lesa på den, både det eg skriv frå Kamerun og det som vert skrive frå Madagaskar, Mali og England. Bloggen finn du her: http://www.who-cares.info/blogg/category1196.html .

Difor har eg hatt det supert i Kamerun! Her er me på
safari på biltaket. 

fredag 18. mars 2011

Lurt trill rundt


Ja, då har Brit klart det igjen. Og eg sit her med massevis av rastafletter som tek enda lenger tid å ta ut enn det tok å fletta dei. Dermed har eg (for andre gong) bestemt meg; aldri meir.

Men det er ikkje berre ein laaang frisørtime sambuaren min har lurt meg med på. Til 8. mars fekk me sydd oss kvar vår gigantiske cabba, noko som i bunn og grunn var heilt unødvendig då det var plass til oss begge i éin, i grønt kvinnedagsstoff. Når så den store dagen kom, så var det av garde til festplassen for å sjå på at dei ulike kvinnegruppene i N'Gaoundéré gjekk i tog.


Sjokkerande nok var dette både svært varmt og ein smule kjedelig. Men sidan me stadig vert meir opptekne av kvinnerettar i Kamerun, tenkte me at dersom me var med å gå i tog sjølv så blei kanskje dagen meir spanande. Og det vart han - både for oss og for alle kamerunesarane som sat på tribuna og skrattlo over dei galne kvite jentene. 

Men me var fornøgde. Dagen vart vellykka og me fekk vist at me støttar kvinnesaken i Kamerun. Til slutt kan eg jo innrømma at alle desse kvinnedagstinga nok var ein smule frivilleg frå mi side - sjølv om Brit skal få æra for ein del overtaling her óg. Flettene derimot var hundre prosent tvang! 


Eg, Helen (kokka vår) og Brit er klare for å dra til festplassen.

Her defilerer (går i tog) Femmes Pour Christ (Kvinner for Kristus)...

...og her finn to kvite jenter ut, litt i seinaste laget, at det vil dei óg. Som
resultat vart det høge latterbrøl og mssevis av peiking frå tribuna. Seinare
fekk me Gundelie og Ingunn, mor til Brit, med oss i ei tilfeldig gruppe (kvinner
frå pærefolket) der me fekk gå heile runden. 
Benjamin og Øystein prøver å poengtera akkurat kor store kjolane våre er. 

Benjamin og Øystein ville òg tydeleggjera at dei støttar kvinnerettar i Kamerun.
Det fekk dei noko meir pes for enn oss. Sitat frå nesten kvar einaste gut i koret
vårt: "hahaha, du går jo i dameklær!"

fredag 4. mars 2011

African Life

 


For tida består livet i Afrika av fylgjande: besøk frå Norge, soving under open himmel (Kamerunsk nattehimmel er rett og slett fantastisk!), safari, soving under open himmel, korsynging, skuleturar med DNS, leiking med norske barn, kamerunske barn og sjukehusbarn, soving under open himmel, sosiale kveldar, dagar og netter og KRIK (volleyball, fotball og freezbe).

Som ein kanskje skjønar er eg så utroleg fornøgd med tida mi i Kamerun at eg ikkje har hatt tid (tatt meg tid) til å skriva eit blogginnlegg sidan advent. No synest eg derimot at det er på tide å dela nokre av mine fantastiske opplevingar.

Tirsdag som var, var nemleg eg, Daniel og Gundelie (besøket mitt frå Norge) på skuletur med Den Norske Skulen i Kamerun. Planen for dagen var eit lite stopp ved Tellofossen, for så å besøka fulanilandsbyen Idool. Eg sikra meg nødvendigvis med panj, tradisjonelle kamerunske klær, (og vurderte lenge om eg i det heile skulle gidda å ta med meg kamera) klar til å møta ein heil landsby med strenge og dømande muslimar.

Den dømande viste seg naturleg nok å vera ingen andre enn meg sjølv. I Idool møtte det oss ein utruleg hyggeleg landsbysjef som ikkje var streng på anna enn at me skulle kjenna oss akkurat som heime, og bilete kunne me ta kor og når me berre måtte ynskja.

Ikkje minst forundra det meg at, i motsetning til det eg hadde trudd, var dette ikkje eit fullstendig muslimsk samfunn, men her budde det både kristne og muslimar om kvarandre.
Det er ikkje fyrste gong det har slått meg kor utruleg naturleg det er for kristne og muslimar å leva saman i Kamerun, men det var definitivt no det slo meg sterkast. Her lever ein saman i fred og ro, med både respekt og toleranse for einannan. Ja, ein helsar til og med på kvarandre på gata og er vener.

Ein kan gjerne snakka i det lange og det breide om alt me kan gi Afrika i form av kunnskap, teknologi og pengar, men det er sanneleg ein god del me kan lera av afrikanarane i retur.


Til slutt vil eg via eit avsnitt til den afrikanske stjernehimmelen. Noko som er rett og slett fantastisk. Å liggja i senga å sjå opp på stjernene, det er ei heilt ubeskriveleg kjensle. Visste du for eksempel at Karlsvogna er opp ned i Afrika og er ca. tre gonger så stor som i Norge? (Anten det, eller så fann me den berre ikkje. Det er óg ein ganske god moglegheit.) Å sova under open himmel i Kamerun, er noko eg kan unna kven som helst. No skal det nemnast at eg måtte gå inn å leggja meg klokka halv to, for det vart iskaldt å sova i Benjamin si feltseng. (Tenk, det vert verkeleg kaldt i Kamerun om natta!) Men timane fram til klokka halv to var nokså fantastiske (og kalde), og det er ikkje tvil om at eg neste gong skal ta med meg skikkeleg med klær og bruka ei ordentleg seng. Så kan eg få nyta stjernehimmelen heile natta igjennom.