Ja, då har Brit klart det igjen. Og eg sit her med massevis av rastafletter som tek enda lenger tid å ta ut enn det tok å fletta dei. Dermed har eg (for andre gong) bestemt meg; aldri meir.
Men det er ikkje berre ein laaang frisørtime sambuaren min har lurt meg med på. Til 8. mars fekk me sydd oss kvar vår gigantiske cabba, noko som i bunn og grunn var heilt unødvendig då det var plass til oss begge i éin, i grønt kvinnedagsstoff. Når så den store dagen kom, så var det av garde til festplassen for å sjå på at dei ulike kvinnegruppene i N'Gaoundéré gjekk i tog.
Sjokkerande nok var dette både svært varmt og ein smule kjedelig. Men sidan me stadig vert meir opptekne av kvinnerettar i Kamerun, tenkte me at dersom me var med å gå i tog sjølv så blei kanskje dagen meir spanande. Og det vart han - både for oss og for alle kamerunesarane som sat på tribuna og skrattlo over dei galne kvite jentene.
Men me var fornøgde. Dagen vart vellykka og me fekk vist at me støttar kvinnesaken i Kamerun. Til slutt kan eg jo innrømma at alle desse kvinnedagstinga nok var ein smule frivilleg frå mi side - sjølv om Brit skal få æra for ein del overtaling her óg. Flettene derimot var hundre prosent tvang!
![]() |
Eg, Helen (kokka vår) og Brit er klare for å dra til festplassen. |
![]() |
Her defilerer (går i tog) Femmes Pour Christ (Kvinner for Kristus)... |
![]() |
Benjamin og Øystein prøver å poengtera akkurat kor store kjolane våre er. |
Ja,ja,då har du julekleda klare....
SvarSlettmamma
Å Marit, jeg savner Kamerun!
SvarSlett