søndag 22. august 2010

Muffinskake og matmangel

Søndag i N'Gaoundéré. Eg har no vore her i to veker, men dagane er så tettpakka av fullstendig nye inntrykk, at det kjennest nærast som to månader. Eg kan endeleg meir fransk enn papegøyen min (om det kanskje ikkje er med god margin), eg har lært meg at når fotballkampen startar klokka 1400, er det ikkje vits å møta opp før 15.40(overraska når gudstenesta var berre 20 min forsinka i dag) og eg har byrja å setja pris på eit nytt tilvære med hushjelp, der middagen står på bordet kvar dag og kleda vaskar seg sjølv.

I dag regnar det, og med andre ord er det ingenting som skjer. (Regn er naturlig nok gyldig avlysningsgrunn for ein kvar avtale.) Sidan hushjelpa har fri, og eg difor er usikker på korleis eg skal få i meg middag i dag, bestemte eg meg for å laga muffins.
Muffinsformer er sjølvsagt umogleg å oppdriva, så ei kakeform får halda. No har muffinsrøra stått i ein halvrar gassomn i litt over ein time, utan anna synleg resultat enn ei litt stivna overflate. Det spørst om det vert særlig med mat før hushjelpa kjem igjen i morgon tidleg.

Det verste med situasjonen, er at medan mi største bekymring er ei muffinskake som ikkje vil verta gjennomsteikt, sender eg vekk tre lokale smågutar som kjem på døra mi og spør etter mat, pengar eller det eg elles måtte ha å gi vekk.
Eg sender dei vekk av den enkle grunn at me skal ikkje "læra dei opp" til å tigga. Dessutan kan me ikkje vita sikkert kven som verkeleg treng hjelpa me kan gi, og kven som fortel kreative løgnhistoriar.

Faktum er jo, at uansett kven det er som kjem på døra mi, om dei lyg eller snakkar sant, så har dei meir bruk for både pengane og maten enn kva eg har.

At eg gir pengar gjennom andre kanalar, som betre veit kven som "verkeleg" treng det og korleis ein kan hjelpa på best mogleg måte, er difor ikkje noka særleg trøyst når eg lukker døra for dei tre gutane.

Ein kan høyra uendeleg med føredrag om korleis ein skal handtera å komma til eit fattig land, men kjensla ein får av å seia nei til nokon som så åpenbart treng det meir enn deg sjølv, er umogleg å førebu seg på.


Muffinskaka endte som ein god og varm deig, og eg gler meg stort til Atta kjem tilbake på jobb i morgon.

2 kommentarer:

  1. e det bare meg, eller e det større mengder sjokolade i den blandingen..?!

    SvarSlett
  2. Kokesjokoladen (eller det fann eg ikkje, så melkesjokoladen blir det vel) fungerer ikkje heilt som i Norge her i Kamerun. I staden for sjokoladebitar i muffinskaka mi, vart det sjokoladesaus. Utblanda med resten av deigen.
    Men kanskje er det ikkje sjokoladen sin feil. Gassomnen min, som for øvrig kom tilbake frå reperasjon i går, er nok ikkje i tipp topp stand.

    SvarSlett