![]() |
Me har til og med laga vår eigen marsipan, heilt frå botnen av, som me deretter har duppa i flytande sjokolade og putta i kjøleskapet. Med andre ord klarar me oss strålande utan både Freia og Minde. (OK, så har me duppa nokre av marsipankulene i freia melkesjokolade sendt frå Norge. Men det er ikkje poenget. Andre halvparten er duppa i ekte, lokal kokesjokolade, noko som vart minst like godt.)
Til og med adventskalender har me fått til. Barnas superjul vert vist kvar kveld nede hos familien Hjorteland, og deretter slår me til med Jesus & Josefine hos eittåringane og haldingane (altså oss).
Så no ventar eg berre på at mamma, pappa, Gustav og Anna kjem med pinnekjøtt, så er jula sikra.
![]() |
Ingen advent utan kakemenn (som forresten alt er åte opp)... |
![]() |
...og Oslo Gospel kor. |
![]() |
Så effektiv var kakemannbakinga. |
![]() |
Øystein prøver å lata som om han som har laga julemarsipanen. |
![]() |
Dette biletet lyg litt mindre. Brit har óg laga krumkaker, forma med ei glasbrusflaska. I Afrika bruker ein det ein har tilgjengeleg. |