For tida består livet i Afrika av fylgjande: besøk frå Norge, soving under open himmel (Kamerunsk nattehimmel er rett og slett fantastisk!), safari, soving under open himmel, korsynging, skuleturar med DNS, leiking med norske barn, kamerunske barn og sjukehusbarn, soving under open himmel, sosiale kveldar, dagar og netter og KRIK (volleyball, fotball og freezbe).
Som ein kanskje skjønar er eg så utroleg fornøgd med tida mi i Kamerun at eg ikkje har hatt tid (tatt meg tid) til å skriva eit blogginnlegg sidan advent. No synest eg derimot at det er på tide å dela nokre av mine fantastiske opplevingar.
Tirsdag som var, var nemleg eg, Daniel og Gundelie (besøket mitt frå Norge) på skuletur med Den Norske Skulen i Kamerun. Planen for dagen var eit lite stopp ved Tellofossen, for så å besøka fulanilandsbyen Idool. Eg sikra meg nødvendigvis med panj, tradisjonelle kamerunske klær, (og vurderte lenge om eg i det heile skulle gidda å ta med meg kamera) klar til å møta ein heil landsby med strenge og dømande muslimar.
Den dømande viste seg naturleg nok å vera ingen andre enn meg sjølv. I Idool møtte det oss ein utruleg hyggeleg landsbysjef som ikkje var streng på anna enn at me skulle kjenna oss akkurat som heime, og bilete kunne me ta kor og når me berre måtte ynskja.
Ikkje minst forundra det meg at, i motsetning til det eg hadde trudd, var dette ikkje eit fullstendig muslimsk samfunn, men her budde det både kristne og muslimar om kvarandre.
Det er ikkje fyrste gong det har slått meg kor utruleg naturleg det er for kristne og muslimar å leva saman i Kamerun, men det var definitivt no det slo meg sterkast. Her lever ein saman i fred og ro, med både respekt og toleranse for einannan. Ja, ein helsar til og med på kvarandre på gata og er vener.
Ein kan gjerne snakka i det lange og det breide om alt me kan gi Afrika i form av kunnskap, teknologi og pengar, men det er sanneleg ein god del me kan lera av afrikanarane i retur.
Til slutt vil eg via eit avsnitt til den afrikanske stjernehimmelen. Noko som er rett og slett fantastisk. Å liggja i senga å sjå opp på stjernene, det er ei heilt ubeskriveleg kjensle. Visste du for eksempel at Karlsvogna er opp ned i Afrika og er ca. tre gonger så stor som i Norge? (Anten det, eller så fann me den berre ikkje. Det er óg ein ganske god moglegheit.) Å sova under open himmel i Kamerun, er noko eg kan unna kven som helst. No skal det nemnast at eg måtte gå inn å leggja meg klokka halv to, for det vart iskaldt å sova i Benjamin si feltseng. (Tenk, det vert verkeleg kaldt i Kamerun om natta!) Men timane fram til klokka halv to var nokså fantastiske (og kalde), og det er ikkje tvil om at eg neste gong skal ta med meg skikkeleg med klær og bruka ei ordentleg seng. Så kan eg få nyta stjernehimmelen heile natta igjennom.