fredag 19. november 2010

Rastafletter og tradisjonelle klær på hausttakkefest!


Marit og Brit er godt fornøgd med sine nye tradisjonelle
klær. Brit er forøvrig ein av dei to Hald-studentane, og ho
og Øystein skal bu saman med meg og Benjamin fram til April.

Det tok tre månadar, og ein god del overtaling frå Brit si side, å byggja opp nok mot. Men så var det på plass - både rastafletter og tradisjonelle klær. Kjolen skal eg ærleg innrømma at eg syntest var ganske fin, og mamma har gitt klar beskjed om at då, ja då har eg vore her for lenge. Rastaflette vert skrytt av fleire gongar dagleg, og eg byrjar nesten sjølv å tru at eg passar det. Dessverre var det nok ikkje verd arbeidet; 8 timar, high school musical (etter ynskje frå ei av flettarane) og ein haug med friendsepisodar tok det før flettene var på plass. Og no har eg snart halde på like lenge for å få dei ut; noko mindre effektivt og langt frå ferdig, men i det minste har eg ein utruleg kul lykketroll-sveis!
Kjolen klarte sydama å få klar til hausttakkefesten, og klesdrakta mi vart difor ikkje noko dårlegare enn dei nasjonale sin, då misjonærane, i likhet med andre grupper, dansa inn i kyrkja med pengegåva.
Her vart eg, 100% ufrivilleg, tvinga til å gå først medan me sang "jeg løfter mine øyne opp til fjellene". Alle som nokon gong har sett meg dansa, har nok god forståelse for at vår dans gjennom kyrkja var overstått på cirka ein tredjedel av den tida alle andre brukte.
Men i det minste var det ein god del jubel då me dansa, nesten like mykje som då ei anna gruppe kom dansande inn bærande på ei levande gås. (Gåver i form av mat og materielle ting er nesten like godtatt som pengar.)
Då alle gruppene hadde fått dansa inn med sitt bidrag, trilla ein inn ei tavle. Her var det teikna opp ein tabell, slik at ein kunne sjå kor mykje dei forskjellige gruppene hadde gitt i 2010 i forhold til 2009. Det var store summar som var samla inn; kamerunarane legg av pengar til denne dagen gjennom heile året, og kyrja får på ein morgon inn 25% av dei årlege inntektene sine. Heldigvis slo årets misjonærar fjorårets med heile 7000 CFA.


Oversikta over kor mykje dei enkelte gruppene
har gitt. Både i år og i fjor.

Her har me gjengen på hausttakkefest, bortsett frå Hanne og Eivind som sit
bak kamera. I dag har me diverre køyrd Gunn Helen og Kåre (nærast) til toget,
og snart forsvinn både Hanne og Eivind og sykepleiarstudentane. Så då vert
det berre oss eittåringar og haldstudentane igjen, som norske ungdommar i
N'Gaoundéré. Kanskje me vert nøydd til å få oss kamerunske vener?
Rastaflettene fekk óg tatt turen til Tellofossen, der det seiest at den første
Tarzanfilmen vart spelt inn. Dette har, etter nærare undersøkingar, vist seg
å vera feil, men det kunne like så godt vore sant.
Det var 8 lange timar då flettene skulle verta til! Her jobbar Odette og Sydony
på spreng, medan veslesystera til Odette hjelper til.

søndag 17. oktober 2010

Tidenes skuffelse


Det var to svært triste eittåringar som for ei veke sidan måtte konstatere at noko fotballkamp vart det ingenting av, på tross av at billettane våre vart revne i to. Då me endeleg hadde komen til stadion, og attpåtil hadde fått billettane i handa, turte me endeleg å gleda oss skikkeleg; no skulle me verkeleg på landskamp.

Men i inngangen fekk me klar beskjed om at her var det fult, og me vart sendt til dei "billigaste" plassane, på tross av at me hadde dei nest beste billettane. Men gjennom den billigaste inngangen kom me ikkje lenger enn inn i gangen på stadion. Og sjølv om Benjamin meinte han kunne sjå minst 10 grasstrå, vart fotballkampen observert på ein TV på hotellet. Men i det minste kunne me høyra jubelet frå stadion då det var scoring.

Bortsett frå dette lite behagelige møtet med den afrikanske kulturen (usikker på om eg skal dra det så langt som å kalla det korrupsjon, men billettsalget vart i alle fall ikkje begrensa av plassar, men heller av kor mange som ynskte å kjøpa) har me hatt ein svært bra haustferie. Turen gjekk til Garoua (her finnest den einaste grasbanen i Kamerun, og den fekk eg nesten sjå), deretter Rhumsiki (med gåtur til Nigeria) og til slutt Maroua.

På markedet i Maroua fekk me erfara dei mest innpåslitne selgarane til no, og eg kjøpte meg vekk frå meir enn ein av dei. Så eg kom heim med, blant anna, tre puslespill over Afrika - som eg alt har to av frå før. Til gjengjeld har eg endeleg, etter 2,5 mnd, begynt å få dreisen på pruting.


Dette er det næraste eg har komen ekte norsk melkesjokolade i Kamerun. (Sjølvsagt bortsett frå den mamma, pappa, farmor, farfar, Åshild og Olga har sendt meg. Og den Olaug, ein av misjonærane, gav meg då fransktimane byrja å verta verkeleg tunge.) I dyrehagen i Garoua såg me nemleg ein ekte marabustork!

Eit augnblink av mine ti minutt i Nigeria. Toppen eg held på fekk me tilbod om å bli guida opp på av servitøren på hotellet, men dessverre var det naudsynt med klatreerfaring. Dessutan er det litt risikabelt i regntida; dersom det byrjar å regna, vert alt glatt og sleipt og ein må ganske enkelt venta med å klatra ned att til fjellet vert tørt.

fredag 8. oktober 2010

Haustferie!


Då går turen mot Garoua, Maroua, moglegeins landskamp i fotball og enda meir moglegeins same hotell som Kamerun sitt landslag!

søndag 26. september 2010

Leirliv i Kamerun




I helga var det "bli-kjent-leir" for koret Gospel Singers, og eg og Benjamin var klar for 48 timar med total språkforvirring. Drøye to timar etter planlagt avreisetidspunkt (det regna, elles ville det nok ikkje ha vore meir enn éin time forsinking), reiste me fredags kveld mot ein skule i N'Gaoundéré. Turen skulle i utgangspunktet gå til Mballang, men 1,5 timar etter planlagt avreise, viste det seg at transporten vart for dyr. Eller at det regna for mykje. Eg fekk aldri heilt tak på kva grunnen eigentleg var, men i alle fall endte me opp sovande på gulvet på ein husmorsskule.

Dei lokale tar seg svært godt av oss kvite, og det var utrulig viktig for dei at eg brukte myggnett medan eg sov. For dei gjer det nemlig ingenting å bli stukken, men eg kjem til å få malaria. Alt dette vart sagt til meg på fransk, noko eg er godt fornøgd med å ha forstått. Det endte sjølvsagt med at 3-4 afrikanarar styrte, ordna og lette etter ein spiker, så eg skulle vera godt beskytta mot mygg.

Men sjølv om dei tar godt imot oss, vart det nokre sjokk i løpet av helga. Det første kom då eg fredags kveld hadde fått tak i programmet for leiren. Her var det satt opp vekking kl !!05.00!! om morgonen. Dette sjølvsagt for at me skulle vera klar for bibeltimen ein eller anna gong mellom kl 06.00 og 07.00. Eg prøvde desperat å forklara ein av ledarane at vekking så tidlig = soving på bibeltimen. Men akkurat det hadde han svært vanskelig for å forstå.

Det andre sjokket kom lørdags morgon. Då hadde ein bestemt seg for å ta inn alle mobilane, for å sleppa teksting, speling etc. under samlingane. Akkurat dette i seg sjølv var ikkje så særleg "unormalt", det som var verkeleg sjokkerande, var at alle saman leverte inn telefonen sin. I Noreg ville vel rundt 90% ha sluntra unda, og eg skal ærleg innrømma at eg lenge var inne på tanken. Så lenge at eg, så diskrét eg berre kunne, hadde gøymd mobilen godt under pulten. Men samvitet tok til slutt overhand, og eg leverte inn telefonen min som siste mann. Sjølv om eg nok var første mann til å henta den igjen, ei god stund før alle andre.

Det tredje sjokket kom søndags morgon. Me skulle på gudsteneste i ei kyrkje som låg like bortanfor skulen me sov på, og planen var å synga eit par-tre songar. Sidan eg og Benjamin berre har vore på to øvingar tidlegare, og det tar meir enn som så å læra seg ein haug sangar på eit språk du ikkje forstår bæret av, samtidig som du smiler, klapper sære taktar og dansar forskjellig dans til kvert vers, såg eg på det som sjølvsagt at me skulle hoppe over denne opptredenen. Men afrikanerane såg på det frå ein litt anna vinkel. Det var ikkje tvil om at me skulle vera med!

I dag har eg altså dansa syngande inn i kyrkja (jenta foran meg ba meg om å gjera akkurat som ho, noko som er ein god del vanskeligare enn det høyrest ut), og elles sunge, dansa, smilt og klappa til tre sangar. Foran svært mange folk. Ein søndag i Kamerun er kyrkja noko meir fullsatt enn kva den er på Bømlo.

Det fjerde, og siste, sjokket bunnar i ein litt spesiell tradisjon ein har her. Dersom nokon syng svært bra, eller du ganske enkelt synest dei har ein svært bra opptreden, kan du dansa fram og klistra ein mynt i panna til vedkommande.

I løpet av opptredenen vart naturlegvis mynt etter mynt klistra i panna på solisten vår. Men det som verkeleg satte meg ut, var når nokon kom og klistra ein mynt i panna mi. Eg skal ikkje påstå hverken at eg dansa rytmisk rett (eller på nokon måte dansa rett), at eg smilte spesielt fint eller at eg sang dei rette orda, men eg mista i alle fall all form for både melodi, ord og rytme då denne mynten vart plassert i ansiktet mitt.

No i ettertid har eg skjønt at det var dansinga mi som låg til grunn for mynten; den spreidde mykje latter og glede. Og reaksjonen min var nok opphav til enda fleire smil.

Til tross for alt dette, har eg tenkt både å reisa på fleire leirar dersom eg skulle få moglegheita óg å fortsetja i Gospel Singers. Dessutan har tre av jentene i koret lova å gi meg spesialundervisning i dans.

onsdag 22. september 2010

Mobil i Afrika

Noko av det som avveik mest frå forventningane mine då eg kom til Kamerun, var mobilane. Alle har mobil. Men ikkje misforstå; dei har sjølvsagt ikkje råd til å bruka den. Dei berre har den. Og dei har ikkje fasttelefon - det er eit steg i utviklinga dei glatt har hoppa over, saman med VHS-spelarar og andre tunge omvegar me i Noreg har vore innom for å komma der me er i dag.

Poenget med dette innlegget, er at eg no endeleg har fått meg kamerunsk mobilnummer. Det er som følgjer: 00237 94987125.

Eg hadde hatt mitt nye nummer i ca ein time, då telefonen min byrja å ringa. Dette fann eg svært merkelig, sidan eg ikkje hadde fått tid til å gi ut nummeret til nokon. Men eg svara då med eit norsk "hei" (sidan eg strengt tatt hadde publisert det på facebook), og i andre enden snakka det i veg på baya, fulani, samba eller eit anna språk eg ikkje forstår. Eg håpar verkeleg det ikkje var fransk, då er nok læringskurva mi endo slakare enn eg trudde.

Då same nummeret hadde ringt både 2 og 3 gonger (eg eg fleire gongar hadde prøvd meg på "bonsoir" og "je ne comprends pas") byrja eg å verta litt bekymra for om nokon verkeleg prøvde å ha tak i meg. Så eg spurte Sandra om det fantes noko internettside der eg kunne slå opp kamerunesiske nummer. Då fekk eg følgjande svar: "Men det er jo ikkje noko vits i. Dei slår jo berre nummer. I staden for å ringja opplysninga. Dei tykkjer det er gøy."

søndag 19. september 2010

Fritidssyslar og afrikansk sprettert


Utan TV og med sporadisk internettilgang, må kreativiteten tas i bruk for å finna alternative tidsfordriv. Og det var nettopp difor det ein lørdags kveld vart satt opp 5-6 tomme brusflasker, laga av glass, langs muren på misjonsstasjonen.
Snart stod to eittåringar, ein økonomistudent og ein gjeng afrikanske gutar på rekke og rad med superkule sprettertar me nordmenna har hamstra inn, laga av ein vakt på stasjonen.
Nokon måtte juksa litt for å treffa.


Eg traff dessverre ingen flasker, men det er nok berre fordi eg gav meg tidlig for å ta bilete av dei andre. Elles skal det nemnast at sprettertane ikkje berre ser kule ut; har du prøvd eit par gongar, er det langt fra sikkert at ein fotballbane er lang nok til at du kan skyta trygt. Om du då ikkje kjøper sprettertane som er "pour les enfants". Desse skyt berre knappe 20 m.

lørdag 4. september 2010

Aco har fått seg vaskehjelp!


Å ha ein papegøye utanfor døra, høyrest nok svært eksotisk ut, og eg skal ærleg innrømma at eg tykkjer det er stas. Det som derimot verken eg eller Benjamin såg særleg fram til, var vaskejobben som følgjer med det å ha eit dyr. Og Aco er ingen unntak - i grunn er det fascinerande korleis ein så liten skapnad, kan laga så mykje gris.

Heldigvis fekk eg etter kvart ein strålande idé som eg sette ut i praksis for litt over ei veke sidan. Stadig kjem det tenåringsgutar på døra mi som vil selga meg bananer, spør etter mat og vil ha pengar til sko, skulebøker, blyant og viskelær. No har ein av desse fast jobb som vaskehjelp for Aco ein gong i veka.

Etter dette var eg storfornøgd med meg sjølv: Eg slapp å vaska buret til Aco, samtidig som eg fekk hjelpa ein liten gut med å skaffa seg skrivebøker til skulen utan å "læra han opp til å tigga". (Noko me gjer om me berre deler ut pengar, som igjen vil leda alt inn i ein veldig vond sirkel.)

Det var då eg koste meg over mitt eige kreative påfunn, at den uendeleg store forskjellen verkeleg gjekk opp for meg. At 12-åringar arbeider heime i Noreg, er nokså skjeldan. Men skulle det forkomme, er det mest sannsynleg fordi det aktuelle barnet verkeleg ynskjer seg det nye PS3-spelet, eller fordi han er nødt til å betala litt av DS-en sjølv. Her er mi nye vaskehjelp uendeleg glad for ein ekstra jobb (i tillegg til banan- og ananasselginga), slik at han kan ha høve til å notera det læraren seier.